Mariell Follevåg

Ein blogg om kunst og handverk, i samband med lærarhøgskulen i Sogndal.

Arbeidsprosess - modellbygging

  • Publisert: 09.04.2017, 18:32
  • Kategori: Skulearbeid
  • Min arbeidsprosess under modellbygginga: 

    1. Grunnflata blir til. Trepinnane er saga til, og eg tilpassar dei før eg byrjar å lime.

     

    Grunnflata tek form. Her var vinkelen eit viktig redskap for å få det nøyaktig. 

     

    2. Reisverket på hovudetasjen er klar. 


     

    3. For å lage møne brukte eg arbeidsteikningane som mal, noko dykk sjå på biletet under. 

    Under ser dykk bilete av reisverket. 

     

    4. Utvendig hus med lister klart til maling. 
    Her nytta eg maling som var brukt til oppussing i leilighet. 

     

    5. Vindu vert sett inn. 
    Brukte svart papir i vindauga og til dører. Dette blei satt inn innvendig. Sprossane vart satt på utvendig. 
    Til sprossane brukte eg fyrstikker som blei malt kvite. 

     

     

    6. Terasse og ark vert til. 

    - Terassen er festa med underliggjande fjøl limt til rammeverket. 

      

     

    7. Taket er laga av grått ark som er klipt opp slik som vist på biletet. Det skal etterligne skiferheller som er på huset.

     

    8. Grunnmuren tilpassa. Her nytta eg papp for å lage det stabilt. Vidare måtte eg stabilisere det med ispinner som blei limt frå grunnmuren og festa i huset. Til slutt plasserte eg huset oppå grunnmuren med hjelp av lim og støtte frå undersida.

     

     

    9. Huset er ferdig og uteområde står for tur. 
    Til uteområde har eg brukt ei papplate som er bygd opp etter terrenget. Her måtte eg teikne linjer og markere området som skulle grusleggast.
    For å lage grus nyttar eg lim og strødde deretter på ris som deretter vart malt grå. Eg måtte male tre strøk med maling for at det skulle blir jevnt og fint.

       

        
     

    10. Plen/sluttresultat
    Til plenen brukte eg grønt filtstoff som er limt fast i underlaget. 

      



     

    - Huset er bygd opp av rørepinnar. 
    - Ispinnar er brukt som kledning, hjørnelister og terasse. 
    - Til vindaugelister er det brukt rørepinner til kaffe. 
    - Fyrstikker er brukt til vindaugesprossar. 
    - Uteområdet er det brukt ris, lim, maling og filtstoff
    - Til pipa er det brukt tjukt svart papir som er forma og limt.
    - Taket er av grått papir og malt med grå maling. 

    I forkant hadde eg tenkt at eg kunne bruke limpistol, men denne vart ikkje brukt. I staden for brukte eg trelim. Trelim kan vaskast vekk og var derfor eit viktig redskap, samt den vert usynleg etterkvart. I skulesamanheng tenkjer eg det er lurt å bruke trelim i staden for limpistol då elevane i småskulen kan brenne seg og dersom elevane gjer feil, kan det vere vanskeleg å reparere det. Ser eg tilbake på denne oppgåva sit eg igjen med mange nyttige erfaringar. Noko av det som var mest krevjande i heile prosessen var planlegginga. Eg er veldig glad for at eg hadde ei god skisse med gode mål. Dette er ei erfaring som er viktig å formidle til elevane om ein ønskjer eit godt produkt. Eg skal ikkje legge skjul på at det har vore mange stunder der eg har klødd meg i hovudet om vegen vidare. Men det har vore ein ekstremt lærerik prosess der eg har jobba intensivt med høg konsentrasjon. Til tross for at det er ei oppgåve som krever tid og god planlegging, er det absolutt ei god arkitekturoppgåve som elevane etter 7.trinn kan gjennomføre.
     

  • Publisert: 09.04.2017, 18:32
  • Kategori: Skulearbeid
  • 0 kommentarer
  • Ingen kommentarer

    Skriv en ny kommentar

    hits